Posten vert avisbod

Posten skal fram berre annakvar dag frå 1. juli. Men Posten skal likevel få ut avisene.

AVISA SKAL FRAM: Sjølv om vanleg postombering vert redusert til annakvar vekedag til sommaren, skal Posten likevel inn i rolla som avisbod, i område utan eigne avisbodnett. 

Nyhende

Anbodskonkurransen har resultert i at Posten får jobben med å dele ut aviser i område utan eigne avisbodnett.

Posten har vunne den delen av konkurransen som gjeld vekedagar. Selskapet Aktiv Norgesdistribusjon AS er valt til å dele ut aviser på laurdagar. Deira kontrakt startar i 2021.

Frå 1. juli år blir omdelingsfrekvensen for post halvert frå fem dagar i veka til annankvar dag. Altså: Tre dagar eine veka og to dagar den neste.

For Vestlandsnytt sin del gjeld dette abonnentar på Sandsøya, Voksa, Kvamsøya og i Vanylven. I resten av primærdekkingsområdet køyrer eit innleigd bodfirma ut avisene.

– Abonnentane vil få avisene sine akkurat som i dag, samstundes som staten kjøper avisomdeling rimelegare enn vi la til grunn då konkurransen vart utlyst, seier samferdselsminister Jon Georg Dale til saka.

Han legg til at konkurransen har vore bra for avisabonnentane og skattebetalarane. Dale seier heile saka syner at konkurranse verkar.