Christensen ny prosjektleiar i Teige Rederi

Ole Kristensen er tilsett som ny prosjektleiar i Teige Rederi.

Teige Rederi: Ole Christensen er på plass i Westinghuset saman med dagleg leiar Sigurd Teige. Foto: Teige Rederi 

Nyhende

– No har rederiet sikra seg ny teknisk prosjektleiar som har lang erfaring og kunnskap innan både skipsbygging og rederiverksemd, heiter det i ei pressemelding frå Teige Rederi.

Christensen, med lang erfaring frå det marine næringslivet mellom anna frå Kleven Verft, er prosjektleiar for Teige Rederi si bygging av ein trålar og ringnotsnurpar ved Cemre Shipyard i Tyrkia.

Prosjektleiaren sin bakgrunn i leiing av utviklingsprosjekt og forhandling av skipsbyggingskontrakter er kompetanse dagleg leiar Sigurd Teige er glad for å ha fått med på laget.

– Det er svært gledeleg for oss at Ole ville ta på seg rolla som teknisk prosjektleiar i byggjeprosessen omkring Sunny Lady. Med hans bakgrunn og erfaring kjenner eg meg svært trygg på Ole vil leie nybyggprosjektet med stø hand heile byggjeperioda fram til ferdig- stilling. Ole er allereide i full sving på Westinghuset, og det er svært berikande å kunne jobbe saman i eit tverrfagleg team med så mykje erfaring , fortel Teige.

Kristensen har også over ti års erfaring frå rederiverksemd både som seglande, nybyggingstilsyn og driftsinspektør i rederi innanfor, bulk, tank, seismikk og container.

Ole synest det er spennande og givande å kunne få mulegheita til å jobba frå rederisida etter mange år i verftsindustrien:

– Det er utruleg kjekt å vere tilbake på rederisida, og spesielt fiskeri som er ein spennande, dynamisk og framtidsretta del av industrien. Eg har møtt mange veldig kunnskapsrike, dedikerte og dyktige medarbeidarar i Teige Rederi som eg har blitt svært godt mottatt av. Opphenting av kunnskap går raskt, sjølv om det nok vil ta ei tid før eg har fått på plass alle detaljer ved verksemda. Eg gler meg stort til å kunne vere med på å forme og byggje det flottaste og mest miljøvennlege fartøyet i den norske havfiskeflåten, seier Christensen i ei pressemdlding.

Nyebåten, Sunny Lady, vil i fylgje Teige Rederi bli eit av Norges største og mest moderne fiskefartøy der miljøomsyn og innovasjon står i førarsetet. Med eit framtidsretta fiskefartøydesign og miljøtenkning til grunn byggjer Sigurd Teige eit skip som møter framtidas krav til utslepp og klima. Ringnotsnurparen skal bli så energieffektiv som mogleg, blant anna med ein 350 kubikkmeter LNG tank i kombinasjon med diesel og ein stor batteripakke.

– Vi ynskjer å drive berekraftig hausting av fisk, og for oss er det viktig å redusere klimaavtrykket i tida framover, seier fiskebåtreiar Sigurd Teige.