Mistanke om alvorleg fiskesjukdom i lokalt oppdrettsanlegg

Mattilsynet gjekk nyleg ut med ei pressemelding der dei melder om mistanke om fiskesjukdommen ILA ved eit oppdrettsanlegg i Herøy.

Oppdrettsanlegget utanfor Voldneset,  Foto: Arkiv/Endre Vorren

Nyhende

Anlegget det er snakk om ligg på Voldnesey i Herøy. Her er det pålagt restriksjonar for å unngå smitte. Mowi ASA varsla sjølv Mattilsynet 17. januar om ILA-mistanken, som er basert på PCR-analysar av prøver tatt 13. januar. Mattilsynet jobbar no med å inspisere lokaliteten og tek ut verifiserande prøver. Utfyllande analyseresultat vil liggje føre denne veka, skriv Mattilsynet.

Må kanskje opprette kontrollområde

Dersom sjukdommen blir påvist på fisk ved lokalitet Voldnes, blir det om kort tid oppretta eit kontrollområde rundt lokaliteten for å førebyggje, avgrense og eliminere sjukdommen, opplyser Mattilsynet. Eit kontrollområde vil då bestå av ei elimineringssone og ei overvåkingssone, og vil medføre restriksjonar blant anna på trafikk i havområdet.

Lokale tilpassingar ut frå talet på lokalitetar i området, avstandsforhold og straumforhold etc. vil leggjast til grunn for kontrollområdets utforming. Ein må rekne med ei utstrekning på ca. 10–20 km frå lokalitet med ILA-diagnose, ifølgje Mattilsynet.

Om sjukdommen

ILA oppstår som følgje av eit virus som kan gje alvorleg og smittsam sjukdom hos laks. Førekomst av eller mistanke om ILA skal umiddelbart bli varsla til Mattilsynet slik at arbeidet med å eliminere sjukdommen kan starte raskt.

ILA oppstår av eit virus som kan føre til sjukdom hos laks. Regnbogeaure kan bli smitta, men utviklar vanlegvis ikkje symptom. Viruset er ufarleg for menneske.

Lokalitetar med påvist ILA skal slakte ut eller destruere laksen, reingjere og desinfisere anlegget før det vert brakklagt i minimum tre månader.

Mistanke eller påvising av ILA gjør at det ikkje kan bli eksportert laks frå oppdrettsanlegget til Kina eller laksefisk til Australia eller New Zealand.