Samla lokale korps og drillentusiastar til nok eit vellukka Herøytreff, fjerde år på rad:

– Vi må vere ambisiøse for barna

Denne helga samla om lag 80 barn og ungdom frå lokale korps og drilltroppar seg til Herøytreffet 2020. Søndag fekk vi høyre resultatet av hardt arbeid, og vart samstundes minna på kor viktig det er å ha musikalske ambisjonar.
Nyhende

Dette var fjerde år på rad at det lokale korpstreffet vart arrangert – ei musikalsk samling som nærmast har blitt ein tradisjon. Arrangørkorpsa i år var Kvalsvik-Nerlandsøy musikkorps og Bergsøy skulekorps. Dei tok del saman med gjestekorpsa, som i år var Tjørvåg/Myrvåg musikkorps og Jøleik Musikkorps. Tidlegare år har det vore med korps frå nabokommunane, men i år blei det med dei lokale i kommunen. Det sette derimot ingen stoppar for stemninga.