– Det er ikkje ei ny skulesak, vi held fram der vi slutta

Mange i Sande, jamvel ein del politikarar, har inntrykk av at skulestruktursaka i Sande som er starta opp, startar «med blanke ark». Det stemmer ikkje, seier kommunedirektøren.

Aglen: Kommunedirektør Trond Arne Aglen (t.v.), her saman med ordførar Olav Myklebust (Sp), har prøvd å få med folk frå Sandsøy skule evalueringsgruppa, utan å lukkast. Dermed har arbeidsgruppa per dato ikkje aktive medlemer frå den eine av dei to krinsane der kommunen har peila seg ut ei mogleg skulenedlegging. Arkivfoto 

Nyhende

– Dette er ei bestilling som det administrative og politiske apparatet no har gått vidare med. Bakgrunnen er saka som vart utsett av kommunestyret våren 2018. Saka som ligg i botnen der, inkludert høyringa som vart gjennomført, gjeld framleis, seier Trond Arne Aglen.