Stort og aktivt kajakkmiljø i Herøy

ka­jakk­bil­de 

Nyhende

Herøy kajakklubb søkjer Herøy kommune om å dekke 30.000 kroner av klubben sine utgifter til leige av treningstid i Sunnmørsbadet. Eit medlemstal på over 300 vitnar om ein populær aktivitet som berre i desember tilførte klubben tjue nye medlemer. I søknaden blir det vist til at bassenget blir nytta i den mørke årstida med fokus på trening og sikkerheit.