Havila Kystruten ønskjer å vekse lokalt

Lyser ut masse stillingar

Havila Kystruten ser føre seg ein stor vekst av tilsette i tida som kjem. Håpet er å finne mest mogleg av arbeidskrafta lokalt.

Treng folk: Administrerande direktør Arild Myrvoll og HR-direktør Monica Nipen i Havila Kystruten seier det vert lyst ut ein god del administrative stillingar framover. Når det gjeld tilsetting av seglande medarbeidarar, vil den store annonsemengda kome nærmare sommaren.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Det er ingen tvil om at Havila Kystruten vil bli ein betydeleg arbeidsgjevar i vårt distrikt. Så langt har selskapet tilsett om lag 20 personar i administrative stillingar og byggjeoppfølging. I løpet av året vil selskapet ha over 500 tilsette inkludert mannskapet om bord i skipa.