Skal bygge gapahuk i Fosnavågparken

Fosnavågparken 

Nyhende

Det har skjedd mykje på parkområdet i Fosnavåg det siste året med etablering av klatrepark, bubilparkering med fasilitetar, offentleg toalett og gangvegar opp til Jordmor Helgas veg. Det neste som står for tur er bygging av ein gapahuk som skal stå i skråninga ovanfor parken. Bygningselevar ved Herøy vidaregåande skule skal stå for bygging av gapahuken.