Bergsøy IL inviterer til jubileumsfest i konserthuset laurdag 8. februar:

– Skal mimre over ei rik historie

Dei ulike idrettsgruppene i Bergsøy IL slår hovuda saman og arrangerer 75-årsfest for Bergsøy IL 8. februar. Festen er for alle, og vel så viktig som programmet på scena, er samtalane med gamle kjende.

FEST­KO­MI­TE­EN: Des­se ka­ra­ne hå­per folk vil vere med å mar­ke­re Bergs­øy sin 75-års­dag. F.v. Las­se Myrhol (sty­re­med­lem Bergs­øy fot­ball), Lars Con­ra­di Andersen (sty­re­lei­ar Bergs­øy fot­ball), Nils Chris­ti­an Nør­våg (sty­re­lei­ar Bergs­øy hand­ball), Tor­bjørn Hide (sty­re­lei­ar Bergs­øy IL) og Pål Ove Husøy (sty­re­lei­ar Bergs­øy fri­id­rett). 

Nyhende

– Vi ønsker å nå ut til alle som har hatt eit forhold til Bergsøy i løpet av sitt liv. Dette skal på ingen måte vere ein intern fest for dei noverande engasjerte. Dette er for alle interesserte.