Ny patentsiger for Rimfrost - Aker Biomarine reagerer på framstillinga til Rimfrost

Krilselskapet Rimfrost AS har vunnet fram i nok ein patentsak i USA mot Aker Biomarine. Samtundes er Aker sitt krilselskap lei av framstillingane Rimfrost legg fram i kjølvatnet av slike rettsavgjersle.

Stig Remøy:   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Rimfrost gjekk fredag ut med ei pressemelding der dei skriv at Patent Trial and Appeal Board (PTAB), i ei samrøystes kjenning, slår fast at ein Aker-patent knytt til krilproduksjon ikkje er patenterbar. Dette er den tinande rettssaka på rad i Norge og i USA som Rimfrost enten har vunne eller Aker har trekt.

Stig Remøy forundra over Aker

– Vi byrjar å bli vant til at dette er utfallet i dei rettslege usemjene mellom Rimfrost og Aker Biomarine. Igjen er vi forundra over at Aker vel å fortsette med saker som viser seg å vere så dårleg fundert juridisk, seier hovudeigar Stig Remøy i Rimfrost i pressemeldinga.

I to rettsavgjersler datert 13. januar har dommarpanelet vurdert 61 krav og utsegn frå Aker knytt til eitt og same patent, og konkludert med at patentet ikkje er patenterbart. Retten skal også ifølgje Rimfrost ha avslått Akers subsidiære ønske om å kunne gjere justeringar i patentet for ny behandling.

Aker reagerer på Rimfrost si framstilling

I ein mail til Vestlandsnytt har Aker Biomarine sin kommunikasjonssjef Ingeborg Tennes følgjande kommentar:

" Igjen er vi forundra over at Rimfrost framstiller heilt ordinære patentprosessar som ei rettssak og gjennom det bidreg til unødvendig krangling i media. I patenteringsprosessar er det mange rundar som eigar, patentkontor og konkurrentar må stelle seg til. Aker Biomarine er leiande innan forsking og utvikling og derfor er det heilt naturleg at vi har mange slike prosessar gåande.

I dette tilfellet har Rimfrost sjølv valt å legge inn ei innvending mot eit av våre patenter og vi vil justere for denne tilbakemeldinga. Samtidig er det viktig å understreke at dette ikkje har nokon konsekvensar, verken for oss eller Rimfrost.

Seinast i november i fjor fekk vi innvilga ein viktig patentsøknad samt at eit Rimfrostpatent blei ugyldiggjort her i Europa. Vi går derimot ikkje ut i pressa med dette som sigarar over Rimfrost, fordi dette er vanleg arbeid knytt til innovasjonsutvikling for bioteknologiske selskap.

Vi besitter verdas største patentportefølje på kril med nesten hundre patenter og er svært godt beskytta. Når det gjeld andre patentsaker så har Rimfrost lagt inn innvendingar mot våre patenter 15 gongar og vi har lagt inn innvending mot Rimfrost 3 gongar. Det er naturleg all den tid vi har flest patenter og er marknadsleiande."

Kommunikasjonssjef for Aker BioMarine AS, Ingeborg Tennes.  Foto: Aker Biomarine AS

Stor vekst

Samtidig med at Rimfrost dei siste to åra har vunne fram i ei rekke rettssaker mot Aker Biomarine, har selskapet opplevd kraftig vekst. I 2018 hadde Rimfrost eit resultat på 156 millionar kroner før skatt, og trenden heldt fram i 2019.

Sist haust gjekk Rimfrost også inn i ei kontrakt med Westcon om å bygge verdas mest moderne og miljøvennlege krilfartøy til meir enn ein milliard kroner.


Inngår kontrakt med verftsgruppa Westcon

Stig Remøy sitt nye krilfartøy kostar over ein milliard

Det er no klart at krilselskapet til Stig Remøy, Rimfrost, inngår ei kontrakt med verftsgruppa Westcon om bygging av nytt krilfartøy til over ein milliard norske kroner.


– Vi er stolte over at vi, samtidig som vi har handtert rettslege strider i Norge og USA, har klart å utvikle teknologi som vil sette ei helt ny standard for krilfiske i Antarktis, både når det gjeld klimavennlegheit, berekraft og ressursutnytting, seier Remøy.

I designen, som er gjort av Kongsberg Maritime, er alle prosessar planlagt for å oppnå minimale utslepp og stor grad av gjenbruk i energiutnyttinga. Fartøyet skal vere klart til bruk i 2022.