Kommunen vil kjøpe Bergshall

Herøy kommune vil gå i forhandlingar om eit mogleg kjøp av Bergshall-eigedomen.

BERGSHALL: Her­øy kom­mu­ne vil gå i for­hand­lin­gar om eit mog­leg kjøp av det tid­le­ga­re for­sam­lings­lo­ka­let. 

Nyhende

Som mange observante Vestlandsnytt-lesarar sikkert la merke til i førre fredagsutgåve av lokalavisa er no Bergshall-eigedomen igjen lagt ut for sal. Det er Forsvarsbygg som skal selje bygget, som sist var nytta som lager og lokalt Heimevernsområde. Bygget som vart ført opp i 1939 er prissett til «berre» 155.000 kroner, men står føre oppgraderingar og vedlikehald, kan vi lese i salsannonsen. Det er og presisert at eigedomen er regulert til undervisningsformål.