Skulestruktursaka blussa opp att i formannskapet:

– Folk spør om skulane er nedlagde

Sande kommune har budsjettert med skulenedleggingar. Då Dag Vaagen pirka bort i denne saka i formannskapet, blussa debatten opp igjen.

Sande for­mann­skap: Sku­le­de­bat­ten blus­sa opp på mø­tet i Sande for­mann­skap tys­dag 20. ja­nu­ar. Ik­kje alle lik­te at det vart blå­se liv i dis­ku­sjo­nen igjen, men ein de­batt vart det. 

Nyhende

– Eg registrerer litt uro rundt denne prosessen. Folk spør om skular er nedlagde, med vising til det som vart vedteke i budsjettet, sa Dag Vaagen (H) i eit spørsmål til ordføraren på tysdagens møte i formannskapet.