Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya, Volda-Lauvstad og Årvika-Koparneset:

Norled signerte kontrakt fram til og med 2031

Onsdag signerte Møre og Romsdal fylkeskommune og Norled ASA kontrakten for drifta av tre ferjesamband knytt til fylkesvegane på Ytre Sunnmøre.

Viseadministrerande direktør Lars Jacob Engelsen i Norled saman med samferdselssjef Arild Fuglseth  Foto: MR-Fylke

Nyhende

Dette opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding på sine heimesider. Her går det fram at kontrakten startar opp 1. januar 2021 og gjeld fram til og med 31. desember 2031. Kontrakten gjeld drift av ferjesambanda Volda-Lauvstad, Årvika-Koparneset og Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya.

– Ytre Sunnmøre er den femte kontrakten Møre og Romsdal fylkeskommune inngår i ny anbodsutsetting av ferjedrifta i Møre og Romsdal, og det er gledeleg at vi reduserer utsleppa også i denne kontrakten, seier avdelingssjef for FRAM, Stig Helle-Tautra i pressemeldinga.

Viseadministrerande direktør Lars Jacob Engelsen i Norled har følgjande kommentar:

– Vi er svært glade for at Norled får fornya tillit og skal drive vidare Ytre Sunnmøre sambanda heilt fram til 2032, og dermed kan fortsette å levere gode reiseopplevingar for våre passasjerar.

Oppgradering av kaianlegga i Sande

Kontraktsummen er på om lag 1 milliard kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune vil få ein betydeleg kostnad knytt til oppgraderingar av kaianlegga for sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya slik at kaiane kan ta i mot nyare og større fartøy frå 2025. I dag er kaianlegga små og har svært avgrensa levetid.

Det skal også gjerast investeringar knytt til infrastruktur for miljøteknologi på sambandet Årvika-Koparneset.

På sambandet Årvika-Koparneset skal det settast inn miljøferje frå 2022. Dette vert trekt fram som eit viktig tiltak i det grøne skiftet.

Krevjande økonomi

Møre og Romsdal fylkeskommune må redusere driftsnivået framover på grunn av den krevjande økonomiske situasjonen til fylkeskommunen. Møre og Romsdal fylkeskommune er difor heilt avhengig av eit framleis godt samarbeid med Norled omkring utviklinga av transporttilbodet på Sunnmøre.

– Vi ser fram til å fortsette samarbeidet med Norled på desse sambanda, og særleg til god samhandling i høve ombyggingsperioden på kaianlegga, avsluttar samferdselsdirektør Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.