– Pengane og gåvene kom fram

Bjørn Ødegaard takkar sunnmørsfolket og herøyværingar for alle bidraga til Himalpartner sine skule-prosjekt i Nepal.

Beøkte skulen: Her ser vi alle elevane som no går på ein av dei 6 snye skulane som er bygde. Bjørn og Sonen står bake til venstre med blomekrans. Foto: Privat 

Nyhende

I 2018 og 2019 samla Himalperner gjennom «Gi Jernet»-aksjonen inn både pengar, gåver og gamle kontorrekvisittar i Herøy og andre stadar på sunnmøre. Dei har nemleg i løpet av dei siste åra jobba med å bygge åtte jordskjelvsikre skular i Nepal som i 2015 blei råka av eit jordskjelv som gjorde 500.000 personar heimlause. Pengane og gåvene har spesifikt gått til folket som tilhøyrar tamang-folket i Dhading, rett over episenteret til jordskjelvet. Her var det ingen store hjelpeorganisasjonar i sving då det skjedde.