Onsdag var det folkemøte om reiselivsutvikling i Fosnavåg:

– Kva med fiskeutstopping eller Titanic-restaurant?

Forslaga var mange og til tider ambisiøse då både reiselivsaktørar, lokalbefolkninga og prosjektgruppa for det nye reiselivsprosjektet på Ytre Søre møttest til idémyldring på Fosnavåg Konserthus.

Dis­ku­sjon: Den­ne gjen­gen var ik­kje råd­lau­se då dei blei ut­ford­ra på rei­se­livs­spørs­mål. F.v. Bjar­ne Kvals­vik, Hans Rem­øy, Hilde Grå­berg Bak­ke og Arne Sævik. 

Turistane ser ikkje kommunegrenser.

Tom Anker Skrede
Nyhende

Onsdag samla det seg ein flokk på kring 50 engasjerte sjeler til folkemøtet om reiseliv på Fosnavåg Konserthus. Ein av dei var Bjørn Prytz som innleia møtet med velvalde ord. Herøy-ordføraren mana mellom anna til samarbeid og framsnakking, samstundes som han uttrykte begeistring for det nye prosjektet som er i emning i regionen.