PÅ SILDEFELTET

Vintersildfisket i 1950-åra var eit av dei største sesongfiskeria i verda. Det meste av fisket desse åra gjekk føre seg her på Sunnmørskysten.

VINTERSILDFISKET: Notbas Knut Sævik leiar torkinga (samandraginga av nota) på remøybåten «Langenes» i 1957. UKJEND FOTOGRAF 

I 1950-åra var sildefisket enno eit reint kystfiske, og det var drivgarnsfisket og snurpenotfisket som dominerte.

Nyhende

I Herøy var det mange notbasar i desse gode sildeåra. Dei var kjende for å vere svært dyktige. I fyrste nummeret av Vestlandsnytt i 1957 er det sett opp ei liste over basar i Herøy – 23 i talet. Avisa kunne ikkje garantere at ein hadde fått med alle.