Elevrådet etterlyser ny helsesjukepleiar

Borga 2 

Nyhende

Ho som har vore helsesjukepleiar ved Bergsøy skule har pensjonert seg, og no lurer elevrådet på kva tid ny helsesjukepleiar kan vere på plass.

– Helsesjukepleiaren har vore til stor hjelp når elevane har hatt vanskelege ting å snakke om. Sjølv om vi har andre vaksne å snakke med på skulen og heime, synest elevane det er best å snakke med å få råd frå nokon som er utdanna om helse, skriv elevrådet i eit brev som er stila til ordføraren.

I brevet uttrykker elevrådet ei klar forventing om at kommunen bør få på plass ein ny person i den viktige helsesjukepleiarfunksjonen, og at det blir gjort noko omgåande.

– Vi forventar at det innan ei veke kjem svar på kva kommunen har tenkt å gjere med denne saka, heiter det.