Ekstremvêret Didrik: I natt og i morgon vert det uvanleg høg flod

Onsdag vert det høg vasstand på Sunnmøre. Meteorologane har sendt ut oransje farevarsel. Ektremvêret har til og med fått eige namn, Didrik.

Illustrasjon: Foto: Bjørnar T. Sævik 

Nyhende

Folk blir oppmoda om å passe på at båtane er godt festa og å sikre lause gjenstandar inne i naust og i strandsona. Oransje farevarsel betyr at det er ein alvorleg situasjon og at ein må vere budd på situasjonen, skriv meteorologane.

Høgaste på åtte år

Springfloda vil vere på sitt høgaste rundt kl. 02 natt til onsdag og onsdag kl. 14. Det er faktisk venta at ho vil bli så høg som 285–295 cm over nullnivået langs kysten. Dette vert omtala som uvanleg høgt, kring 70 cm over det som er oppgjeve i tidevasstabellane, viser sehavniva.no. Ei så høg flo kan samanliknast med vasstanden under orkanen «Dagmar» i 2011. På Steinshamn var havnivået då målt til 297 cm.

Ferjetrafikken kan bli råka

Springfloa onsdag kan kome til å råke ferjetrafikken. Redningsleiinga i Møre og Romsdal hadde måndag ettermiddag eit møte for å drøfte situasjonen og eventuelle tiltak.

– Med springflod på det nivået som er varsla, kan vi risikere at ferjene enkelte stadar ikkje greier å legge til kai. Dei som er avhengige av ferje for å nå tak i helsehjelp, bør derfor ta kontakt med AMK-sentralen dersom dei fryktar at dei kan få behov for augeblikkeleg hjelp, seier stabssjef Kenneth Sætre i Møre og Romsdal politidistrikt.

I helsesektoren er ein spesielt opptatt med at publikum ikkje må vente for lenge med å ta kontakt.

– Dersom ein ventar for lenge kan handlingsrommet til helsevesenet plutseleg bli for lite, seier Sætre.

Redningsleiinga består av representantar for naudetatane og ei rekke andre samarbeidande organisasjonar.

– Redningsleiinga ønskjer også å minne dei som har båt liggande på sjøen om å sjekke fortøyingane og å sikre lause gjenstandar. Vidare er det nokre huseigarar som bør sette i verk tiltak mot vassinntrenging, seier Sætre.

Publikum vert anbefalte og følgje med på radiosendingar.

Send oss gjerne bilete av storfloa til redaksjon@vestlandsnytt.no.