Bruk nettavisa – enkelt og greitt!

Framleis møter vi abonnentar av Vestlandsnytt som ikkje kjenner til at abonnementet inkluderer meir enn sjølve papiravisa. Innebaka i abonnementet ligg nemleg full tilgang til alle sakene vi publiserer på nettavisa, vestlandsnytt.no. Dei såkalla PLUSS-sakene gjeld for abonnentane.

Inkludert: Alle våre abonnentar har den digitale biten inkludert. (skjermdump)  Foto: Vestlandsnytt

Nyhende

I tillegg kan alle abonnentar lese «papiravisa» som eAvis. Denne vert publisert rundt kl 22.00 kvar måndag- og torsdagskveld.

Det er mellom anna takka vere abonnentane vi kan produsere avis, og difor er det også rettferdig at produkta i nettavisa hovudsakleg gjeld dei betalande kundane. I nettavisa legg vi ofte ut lokale saker og nyheiter fleire dagar før det kjem på trykk i papiravisa.

Ikkje alle er digitaliserte. Nokre har ikkje eigen PC eller smarttelefon der ein kan «ta inn» vårt digitale tilbod. Men dei fleste har det. Difor meiner underteikna det er på sin plass å orientere om våre digitale produkt, eit tilbod stadig fleire tek i bruk.

Til vår glede ser vi også at annonsørane i aukande grad har oppdaga at nettavisa fungerer godt som plattform for ulike tilbod. Mellom anna er tilbakemeldinga at stillingsannonsar med fordel kan kombinerast på papir og digitalt.

Nokre vegrar seg kanskje mot å ta i bruk det digitale. Men det er ingen kunst! Ringer ein 700 84 400 og tastar innvalsnummeret for «abonnement», vil ein – i kontortida – få hjelp til å ta dei få stega det tek før ein er oppe og går, og kan lese både PLUSS-saker og eAvis. Då har ein i utgangspunktet eit passord og brukarnamn ein kan lagre. Dermed er ein der. Lukke til!