100 år og bur heime

Måndag runda Margit Myklebust 100 år. Trass eit langt levd liv bur ho framleis heime i huset sitt på Hjelmeset. Her går tida med til både trim, strikk og kabal.

Margit Myklebust: Denne 100-åringen veit å få dagane til å gå. Ho er ein habil strikkar og heklar, og av og til tillèt ho seg å legge ein kabal.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Eg har ikkje vore plaga med mykje sjukdom, forutan om nokre sjukehusbesøk i Volda der eg har fornya meg litt.

Margit Myklebust
Nyhende

Høyrselen har tapt seg, men elles er eg klar i toppen. Eg får vel seie som han Rabben sa, «ej e gamlast neja ette».