Roar Almestad om ulukkesutsett kryss ved Skogevatnet:

– Må inn med tiltak her!

Ved vegkrysset har det vore mange ulukker og endå fleire nestenulukker. No slår Roar Almestad alarm.

Ulukkespunkt: Her ved Almestadkrysset har trafikken auka på dei seinare åra, ikkje minst frå storbilar, etter fleire nyetableringar i Myklebustmyrane industriområde. Roar Almestad meiner det er på høg tid at noko skjer med vegkrysset. – Det trengst avkøyringslomme og forbikøyringslomme her, seier han. 

Nyhende

– Det er ikkje utan grunn at eg engasjerer meg i denne saka. I ei årrekkje har eg sett både kva fart enkelte brukar, og massevis av situasjonar. Dei seinare åra har også trafikken auka, seier Roar Almestad.