Triton-ulykka sette djupe spor

5. januar 1946 skjedde det ei tragisk ulykke på Nautøya som kosta tre menneskeliv. Karen Notøy Jarnes, då seks år, vitna det heile.

Karen Notøy Jarnes: Karen var berre seks år gammal den grufulle natta då ho mista sin kjære far. Enno hugsar ho godt dei fæle tinga ho såg då ulykka skjedde. Ho bestemte seg nyleg for å dele historia slik ho hugsa det, i håp om at ein ikkje skal gløyme den tragiske hendinga.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Historia byrjar 4. januar 1946. Mannskapet om bord i Triton var i gang med å klargjere båten til vintersildfisket. På Nautøya (då Notø), i eit naust like ved sjøbua der Triton låg, dreiv dei med garnbarking i ei stor jarngryte. Majori- teten av mannskapet var frå Gjerdsvika, og av praktiske årsaker bestemte karane, Mathias og Ottar Hide, Paul Muren Johan Gjerde og Paul Stokseth, seg for å sove natta om bord i båten etter alt var klargjort. På natta 5. januar bles det derimot opp til orkan og glørne under barkargryta vakna til live og spreidde seg med vinden.