Folkemøte både på Åram og i Fosnavåg om ny reiselivssatsing

Neste veke vert det fleire folkemøte i regionen om den komande nye satsinga på reiseliv og turisme.

Reiseliv: Kommunane i regionen skal samarbeide om reiseliv og turisme i åra som kjem. Her eit motiv frå ytre Sande i retning mot Voksa, Sandsfjorden og Åramsundet.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Dei som står bak, er fylkeskommunen, Visit Ålesund & Sunnmøre, saman med selskapet 2469 Reiselivsutvikling og dei fem kommunane på ytre søre.

Fleire møte neste veke

Tysdag 14. januar er det fellesmøte for Hareid/Ulstein.

Onsdag 15. januar er det møte for Herøy åleine, i Fosnavåg konserthus.

Dagen etter, torsdag 16. januar, går fellesmøtet for Sande og Vanylven av stabelen. Det skjer i den nedlagde Åram skule.

– Reiselivet i regionen er fragmentert og med eit behov for meir samhandling. Målet for prosjektet er at ein skal samle regionen for ei felles satsing på reiseliv.

Slik heiter det mellom anna i invitasjonen til møtet på Åram, ført i pennen av Tor Inge Nygård frå Vanylven og Toril Urkedal frå Sande. For Herøy sin del er det Ole Magne Rotevatn og Merethe Hjertø Flusund som inviterer – og håpar på godt oppmøte.

Skape nye opplevingar

Prosessen skal knyte aktørar med felles interesser saman og skape nye opplevingar for turistar på tvers av kommunegrensene.

Folkemøta skal presentere bakgrunnen for prosjektet og få innspel og synspunkt på reiselivsutviklinga på Ytre Søre. Ein ynskjer at folkemøta skal skape ei forankring i prosjekta i lokalbefolkninga.

– Det er eit mål at attraksjonskraft og tilbod ikkje berre vert utvikla for turistar og vitjande, men lagt til rette også for lokalbefolkninga. Dette byggjer lokalsamfunnet sin totale attraktivitet og påverkar auka busetting, heiter det i invitasjonen.

Ei rekkje spørsmål

Det vert opplyst at folkemøta skal vere ein innspelsprosess rundt kva gjester i dei ulike lokalsamfunna vil ha, kva tid ein ynskjer dei og kva ein kan tilby.

Programmet fortel at ordførarane skal innleie, før prosjektet skal presenterast. 2469 Reiselivsuvikling vil i neste omgang leie ein seanse med innspel og diskusjonar. Mellom anna skal ein stille fylgjande spørsmål: Kvifor treng vi turistar? Kva har vi å tilby dei som vitjar oss? Kvar og når vil vi ha turistar/vitjande? Kven vil vi invitere heim? Korleis får vi tak i dei som vil vitje oss? Det vert også ein runde med spørsmål og svar.