Rosenlund Hamn må søkje på nytt

Eit delegert vedtak frå slutten av november fortel at Rosenlund Hamn sitt mellombelse skjenkeløyve gjekk ut ved nyttår.

Rosenlund   Foto: Endre Vorren

Nyhende

Selskapet heldt fram på tidlegare løyvehavar sitt løyve, og det mellombelse løyvet gjekk ut ved årsskiftet. Rosenlund Hamn har søkt alminneleg skjenkeløyve, men alle krav til søknaden er førebels ikkje stetta, heiter det frå kommunen. Ny søknad må behandlast politisk.