Simulatorsenteret er konkurs: - Det er trist

Det Fosnavåg-baserte simulatorsetneret Fosnavaag Ocean Academy (FOSAC) har meldt oppbod etter fleire år med tap.

Arkivfoto: Illustrasjon 

Nyhende

Det var nett.no som fyrst omtala saka fredag morgon. Dei skriv at simulatorsenteret i Fosnavåg, også kjent som Fosnavaag Ocean Academy, har meldt oppbod etter fleire år med store tap. Heilt sidan starten har senteret gått med minus. I 2018 omsette senteret for om lag 0,9 millionar kroner, og resultatet før skatt vart minus 2,4 millionar.