Israelsk selskap til sak mot Sandanger

Endå ei sak i kjølvatnet av Sunsea-konkursen blir rettssak. Eit israelsk selskap har trekt Edgar Sandanger for retten.

Meir oppvask: Det skal no opp ei sak i tingretten der eit israelsk importselskap krever til saman rundt 1,3 millionar frå Edgar Sandanger etter å ikkje ha fått fisk dei betalte for, sommaren 2017. 

Nyhende

Saka skal opp i Sunnmøre tingrett 21. januar. Det er selskapet Eve Reshatot Ltd. som går til sak mot den tidlegare leiaren av det konkursråka selskapet på Moltustranda.