Tjørvåg IL ber om likebehandling

Tjørvåg IL forventar likebehandling frå Herøy kommune i samband med laget sin planlagde fotballhall i Stokksund.

AAS­MUND EIDE:   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Viss det er slik at kommunen gav gratis tomt til Bergsøy IL sin hall, ønskjer Tjørvåg IL i så fall at kommunen også tek tomtekostnadene i Stokksund. Leiar Åsmund Eide opplyser at dei har fått eit tilbod frå Opplysningsvesenets fond på 65 kroner per kvadratmeter.