Raymond Leine med skrekkoppleving på nyttårsaftan: – Heldigvis har eg skifertak

På nyttårsaftan landa ein brennande naudrakett på taket til Raymond Leine i Fosnavåg. No vil han ha kraftigare tiltak for å få bukt med naudrakett-problematikken.

Raymond Leine: På nyttårsaftan landa ein naudrakett på taket til Raymond Leine. No ber han om at vedkomande som tyr til denne type underhaldning, veks opp og sluttar med barnslegheitene. – Må det verkeleg gå liv eller hus før de innser at det de driv med kan få store konsekvensar, spør han oppgitt. 

Må det verkeleg gå liv eller hus før de innser at det de driv med kan få store konsekvensar?

Raymond Leine
Nyhende

Uvettig bruk av naudrakettar var under nyttårsfeiringa i år, som i fjor, eit «brennande» tema. Spesielt vart dette aktualisert for ei snau veke sidan då hovudredningssentralen sette i gang ein full redningsaksjon, med helikopter og redningsskøyte, etter observasjon av naudrakettar på Bergsøya. Leitemannskapet kom etter kvart til at oppskytinga truleg var falsk, mogleg gjort som underhaldning. Brannvesenet lokalt gjekk før nyttår også ut i avisa med ein klar kritikk av denne typen uvettig bruk av naudrakettar, ikkje minst på grunn av fara ein brennande fosfor-flamme utgjer for bustadar og bygg.