Inviterte til presentasjonsmøte:

Overveldande interesse for Havlandet

Om lag 180 engasjerte herøyværingar møtte opp då det nye pådrivarselskapet Havlandet AS inviterte til ope møte på Thon Hotell Fosnavåg denne veka.

ULIK BAK­GRUNN: Ein kan trygt seie at det mel­lom del­ta­ka­ra­ne var stor va­ri­a­sjon i bak­grun­nen, både når det gjeld al­der, yrke og in­te­res­ser. Det syt­te for man­ge gode dis­ku­sjo­nar, og for­hå­pent­leg­vis man­ge gode råd til Hav­lan­det. Del­ta­ka­ra­ne gjekk sam­an i grup­per, og kvar grup­pe le­ver­te inn ein lapp med sine råd til fram­ti­dig ut­vik­ling i Her­øy.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Havlandet AS er i ferd med å ta sats, og med seg på vegen ønskjer dei engasjerte samarbeidspartnarar. Då var nok det store oppmøtet, og ikkje minst dei engasjerande samtalane rundt borda, akkurat det ein drøymde om når ein inviterte alle interesserte til presentasjons- og diskusjonsmøte tysdag kveld.