Verdas første kvinnelege brønnbåtskipper!

Sandsøyingen Helena Rusten vert rekna som verdas første kvinnelege brønnbåtskipper.

Helena Rusten Onsdag starta ho i jobben som kaptein eller skipper på Ronja Explorer. Dermed vart ho etter iLaks sine opplysingar historisk.   Foto: Sølvtrans

Nyhende

Det fekk nettavisa iLaks (ekstern lenkje) stadfesta av reiarlaget Sølvtrans då saka vart publisert onsdag ettermiddag.

– Det er med stoltheit og glede vi kan melde av vår tilsette gjennom fleire år, Helena Rusten, i dag (onsdag) startar som kaptein i Sølvtrans på «Ronja Explorer». Det er første gong ei kvinne har stillinga som brønnbåtskipper, opplyser Sølvtrans i ei melding til iLaks.

Rusten kjem altså frå bygda der Sølvtrans har sitt utspring, og der toppsjef Roger Halsebakk også er ifrå. Ho har jobba i Sølvtrans i mange år, og starta som dekkskadett. I 2017 vart ho overstyrmann.

Sølvtrans legg overfor iLaks til at dei som forvaltar for over 250 arbeidsplassar på norske skip veit at kvinner til sjøs i 2020 framleis ikkje er ei sjølvfylgje.

– Vi i Sølvtrans jobbar kontinuerleg for å ha dei beste folka om bord i våre fartløy, og med kompetente og framoverlente kapteinar som Helena kan vi fortsette med å vere verdas leiande leverandør av brønnbåttenester også i 2020, heiter det frå Sølvtrans-leiinga på iLaks.