Kritisk til endringsforslag i alkoholplanen

Thon Hotel Fosnavåg stiller seg kritisk til nokre av endringsforslaga i den nye alkoholpolitiske handlingsplanen for Herøy kommune.

THON HOTELL FOSNAVÅG:   Foto: Jann Flatval

Nyhende

Det eine er forslaget om å sette tak på mengda skjenkeløyve. Det andre går på at skjenketida for brennevin skal framskundast til midnatt. Hotellet fryktar det vil bli vanskeleg å forklare ei slik endring overfor turistar og tilreisande.