Innvandring gjorde Ulstein til folketalsvinnar

Innvandring var den viktigaste årsaka til at Ulstein blei folketalsvinnar på Søre Sunnmøre i 2018. Stort fødselsoverskot berga folketalsveksten for Volda.

ULSTEIN   Foto: Ulstein kommune

Nyhende

Med 54 fleire innbyggarar ved utgangen av 2018 enn då året starta, blei Ulstein folketalsvinnaren på Søre Sunnmøre i 2018. Fylkesstatistikken for Møre og Romsdal fortel òg at Ørsta blei ein klar nummer to med ein folketalsauke på 45.