– Det står ikkje på politisk vilje

– For meg som ordførar er det i dag heilt uråd å seie om vi kan greie å bygge to kaier på Mjølstaneset, eller om vi må til å prioritere.

IKKJE NYTT: Egersund Herøy har hatt ein årelang dialog med eigedomsavdelinga i Herøy kommune rundt utviding eller overtaking av kaianlegget som bedrifta delvis er tufta på.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Slik kommenterer ordførar Bjørn Prytz den utviklinga som kaisaka på Mjølstaneset har fått etter at politikarane fekk to kaisaker å ta stilling til.