Vestlandsnytt.no i 2019:

Her er våre mest leste saker

2019 var eit år fylt med mange spennande, gripande og ikkje minst viktige saker i Vestlandsnytt, men kva saker var mest populære i vår nettavis i året som gjekk?

Stian Sævik Elveseter og familien: Då hjar­tet til Sti­an Sævik El­ve­se­ter (43) svik­ta, trud­de in­gen at han kom til å over­le­ve. Men det gjorde han, og Herøy-samfunnet støtta verkeleg opp om han og familien. Her ser vi Stian omkransa av familien Janett, Niklas (11) og Glenn Are (16).   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

  • Topp 10 gratis-saker:
Nyhende

Du veit den irriterande boksa ein alltid må huke av når ein besøker ein nettside? Ja, den der om informasjonskapslar og «cookies» slik. Den gjer det mellom anna mogleg for oss å lese av besøkstala på ein nettstad, og akkurat derfor er vi i stand til å no kunne dele listene over av kva saker som var mest leste i året som gjekk på vestlandsnytt.no. Vi seier listene i fleirtal då det er mogleg å kategorisere våre saker i to underkategoriar. Saker bak betalingsmur tilgjengeleg for våre abonnentar og saker opne for alle, gratis.

Vi gjer merksam på at dei følgjande listene berre tek føre seg sakspopularitet på nettavisa vår. Dei hadde kanskje sett litt annleis ut om vi hadde tilsvarande tal for papiravisa.

Vart halden igjen i Tyrkia: Herøyværingen Agnetha Hjelmeseth Remøy vart halden igjen i Tyrkia og stod i fare for å bli økonomisk ruinert etter ei trafikkulykke i Tyrkia.   Foto: Skjermdump frå TV2

1. Ferietrøbbel i Tyrkia

Den mest leste pluss-saka på vestlandsnytt.no i 2019 handla om då Agnetha Hjelmeseth Remøy var involvert i ei trafikkulukke på sommarferie i Tyrkia. Vi var i kontakt med jenta frå Herøy i det ho blei halden igjen i landet og stod i fare for å bli personleg ruinert.


Agnetha (25) sit fast i Tyrkia etter feriemareritt

- Vi forventar det verste

Agnetha Hjelmeseth Remøy (25) var involvert i ei trafikkulukke i Tyrkia. No vert ho halde igjen i landet og risikerer å bli personleg ruinert.



Agnetha (25) er tilbake i Noreg

- Eg har endeleg kome heim igjen. Det kjennest heilt uverkeleg.


2. Fotballtrenar fengsla

Den nest mest leste saka blant våre abonnentar var saka som omhandla ein fotballtrenar i regionen og då vedkomande vart varetektsfengsla, mellom anna sikta for å ha delt framstillingar av seksuelle overgrep mot born.


Fotballtrenar fengsla, mistenkt for seksuell omgang med mindreårige

Ein fotballtrenar som er busett på Søre Sunnmøre er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Han er mellom anna sikta for seksuell omgang med born.



Fotballtrenaren er framleis sikta - skal ha delt framstillingar av seksuelle overgrep mot born

Fotballtrenaren som er busett på Søre Sunnmøre er framleis sikta. Men siktinga mot mannen er endra.


3. «Hotellmøtet» i Herøy

På plass nummer tre finn vi vår omtale av møtet som tok plass på Thon Hotel Fosnavåg rett etter at valresultatet vart kjend i Herøy. Her samla Ap, KrF, Folkelista og Sp seg for å teikne opp strategien for eit samarbeid som til slutt danna den nye posisjonen i Herøy kommunestyre.


Nattesamling på hotellet:

Ap, KrF, Folkelista og Sp samla på hotellet: Camilla Storøy blir ordførar?

Det kan sjå ut som at Tine Storøy likevel ikkje blir Herøy sin neste ordførar. Då klokka runda 01.00 i natt sat nemleg Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Folkelista og Senterpartiet samla på Thon Hotel Fosnavåg.


4. Historia til Stian Sævik Elveseter

På fjerdeplass finn vi den gripande historia om korleis Stian Sævik Elveseter, mot alle odds, kjempa seg tilbake til livet etter å ha blitt livstrugande sjuk.


Ingen trudde at Stian (43) kom til å overleve den aggressive hjartesjukdomen

– Her­øy-sam­fun­net har vore heilt fan­tas­tisk


5. Espeseth stengjer butikken

Det vekte stor oppsikt då Helen Espeseth måtte stengje klesbutikken sin i Fosnavåg sentrum. Så stor oppsikt vakte det at den var vår femte mest leste sak i året som gjekk.


Helen Espeseth stenger butikken

Etter seks år som eigar og dagleg leiar ved klebutikken Style, avsluttar Helen Espeseth drifta både i Fosnavåg og på nett.


Malene Wolden: Malene Wolden (30) delte si historie om korleis ho kjempa seg tilbake, med god hjelp frå fagfolka på Mork rehabiliteringssenter.   Foto: Josefine Spiro

Blålyssakene på topp blant gratissakene

Det kjem kanskje ikkje som noko overrasking på folk at blålyssakene toppar statistikken over dei opne sakene på vestladsnytt.no. Trasig nok var det den triste saka om ei kvinne som vart overfallen av to menn på Flusund som var den mest leste saka av alle på Vestlandsnytt i 2019. Utanom blålyssakene ser vi elles at det har skjedd saker og ting i den politiske verda. Lista vår vitnar om at interessa rundt lokalpolitikken har vore stor, og sakene om valdramaet i både Herøy og Sande var mykje lest. Ein annan politisk fakkel som brann sterkt i 2019 var kampen om rehabiliteringssenteret på Mork. Det kjem til uttrykk gjennom den sterke forteljinga til Malene Volden som delte si historie om korleis ho var «Redda av Mork».


Redda av Mork

Malene Wolden (30) var akkurat ferdig med sin andre mammapermisjon då verda hennar brått fall i grus. - Eg er eit levande bevis på kor viktig rehabilitering er.


1. Kvinne overfallen av to menn-politiet treng tips

2. Kvinne omkom etter tak-kollaps

3. Valresultatet for Herøy og Sande

4. Redda av Mork

5. Bilulukke på Herøybrua

6. Ungdommane fekk seg ein vekkjar

7. Åsted Norge granskar Flusund-brannen

8. Offentleg armod til å ta og føle på

9. «Mamma, ikkje få panikk no, men vi må i fengsel»

10. Det nye kommunestyret i Herøy er klart

Vestlandsnytt vil elles takke for følgje i året som gjekk og ser fram til å følgje nyheitsbilete i 2020 med våre lesarar. Hugs, de kan vere med på å sette dagsorden. Har de eit tips til ei god sak? Ta då gjerne kontakt med oss.