Safast og Rovdefjordsambandet møtte samferdselsministeren:

– Viktige avklaringar trengst for begge sambanda

Sande Fastlandssamband og Rovdefjordsambandet har begge møtt ein del motbør. Framleis er det tekniske avklaringar som må på plass. Eit møte med samferdselsminister Jon Georg Dale har gitt ny optimisme.

Sande Fastlandssamband: Delegasjonen frå Safast som fekk «audiens» hos samferdselsminister Jon Georg Dale måndag. F.v. Lena Landsverk Sande, Olav Myklebust, Alf Terje Fotland (Norconsult), Anders Riise (fylkeskommunen), Dag Vaagen, Jarle Støylen og Jostein Korsnes.  Foto: Lena Landsverk Sande

Nyhende

Måndag 6. januar reiste dei to selskapa i samla flokk til regjeringslokala i Oslo. Statsråd og folkestabygdar Dale sette av ein time til begge dei to fjordkryssingsselskapa.