Marin Teknikk med ny designkontrakt

Marin Teknikk har sikra seg designkontrakt for ein linebåt som skal drive fiske i Antarktis.

Designskisse  Foto: Marin Teknikk AS

Nyhende

Dette går fram i ei pressemelding på måndag. Her opplyser Marin Teknikk AS at dei skal levere design og engineering av ein linebåt med designnamn MT1112 L. Oppdraget er på bestilling frå eit internasjonalt fiskeriselskap, men meir om kven som har bestilt designen får vi ikkje vite.

– Det er veldig gledeleg at eit nytt utanlandsk fiskeriselskap kjem til Marin Teknikk for å designe sin fiskebåt. Kontrakten styrker Marin Teknikk sin posisjon i det krevjande og ikkje minst den spennande marknaden innanfor for design av fiskefartøy, skriv Marin Teknikk

Skal drive fiske i Antarktis

Det vi derimot veit er at fartøyet vert bygd med høg isklasse, då det i hovudsak skal drive fiske i Antarktis etter «Patagonian Toothfish». Fartøyet skal operere i særs utfordrande havområde i Sydishavet. Marin Teknikk har teikna fleire andre fartøy, blant anna for Ervik Havfiske, som opererer i dei same tøffe områda med stor suksess. Fartøyet vil ha ei lengde på 60,50 meter, ei bredde på 13 meter og innreiing for 30 personar.

Fartøyet skal utrustast med eit moderne autolinesystem og fabrikk der det er lagt fokus på logistikk og skånsam handtering av fisken for best mogleg kvalitet på produktet. Fabrikken vil også vere utstyrt med system for å ta vare på restråstoff av fisken. Skrogdesign og framdriftssystem er optimalisert for operasjonar i krevjande isforhold samt for redusert utslepp av miljøfarlege avgassar.

Vert bygd i Tyrkia

Fiskefartøyet skal byggast på Tersan Shipyard med byggenummer 1101 og vert den åttande fiskebåten med design signer Marin Teknikk som blir bygd på det anerkjende verftet i Tyrkia. Planlagt levering for fartøyet er 1. september 2021.

Til slutt lovar Herøy-selskapet at fleire anerkjente leverandørar frå Norge vil få nyte godt av kontrakten med forskjellig utstyrsleveransar til fartøyet.