Regionalt ansvar å halde på ungdomen

  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

For nokre dagar sidan gjennomførte Herøy kommune eit litt uvanleg møte. Ordførar Prytz inviterte til samling på kulturhuset. Målgruppa var delt i to; utflytta herøyværingar og «potensielle utflyttarar».


– Kva må vi gjere for å lokke dykk tilbake?

Kva skal til for at unge herøyværingar vert buande i kommunen? Og kva kan gjerast for å få dei som har flytta ut til å kome heim att?


Det er eit godt initiativ. Altfor lenge har det nemleg gått ein straum av ungdom ut frå regionen vår, utan at det er lagt ned så mykje energi i å gjere noko med det. Samstundes har slike initiativ fleire moglegheiter for utbetringar og justeringar til det positive.

I dag «konkurrerer» vi mellom anna mot nye Ålesund kommune, som har 65.000 innbyggjarar. Merkeleg nok er (førebels) ikkje Giske eller Sula med i den nye kommunen, men dei er likevel med i ein region for Breisundet som i dag verkar endå betre rusta til å møte framtida enn oss på søre luten.

På Søre Sunnmøre vil det å halde på ungdomen eller rekruttere nye innbyggjarar vere ei svært viktig oppgåve i åra som kjem. Vi ser i dag at mange bedrifter i Møre og Romsdal har vanskar med å rekruttere nok folk. Det er rundt 2.500 arbeidslause i fylket vårt, og deira kompetanse samsvarar ofte ikkje med behovet i næringslivet.

Rådet må vere at kommunane i alle fall på Ytre Søre slår seg saman om rekrutteringskampanjar, der både utflytta og andre nordmenn er målgruppa for å flytte hit. Næringslivet må i langt sterkare grad koplast på slike prosjekt.

Det blir nemleg for spinkelt at dei relativt små kommunane i vår region skal sitje på kvar sitt nes og rope «kom hit, vi er best!». Ungdomen er langt meir interesserte i regionale fortrinn, enn kvar kommunegrensene går. Moglegheiter knytte til jobb, skule, kultur og natur vil vere mellom dei avgjerande faktorane. Og samla sett er den spennande regionale «pakken» innanfor desse emna meir attraktiv enn kva kvar enkelt kommune kan by på. Tenk regionalt, alt anna blir for smalt.