MB «Boggy» – Havari i Nordsjøen

MB Boggy frå Leikong i Herøy sende 15. februar 1962 ut naudsignal frå ein posisjon på Vikingbanken.

UIngdomar den gong: Slik ser dei ut i dag, dei tre ungdommane som var med på turen med Boggy i 1962. Frå venstre Norleiv Kleppe (f. 1944), Kjell Skogen (f. 1940) og Oddvar Skogen (f. 1944) samla på verandaen heime hos artikkelforfattar Otto Jøsok med Leikongvika i bakgrunnen. Foto: Otto Jøsok. 

Nyhende

Florø Radio fekk ei kort melding om brottsjø og bøn om hjelp snarast. Så vart radiosambandet brote. Det vart stilt, og det var ikkje råd å få kontakt med båten. Hadde Boggy gått ned?