Sigmund Kvalsvik med oppmoding til bruplanleggarane:

Riv og bygg på same stad

Sigmund Kvalsvik er ein av mange på Nerlandsøya som ventar utolmodig på å få vite kva slags bru dei får, og ikkje minst kva tid den nye brua kan stå klar.

ENKELT OG GREITT: – Riv den gamle brua og bygg ny på same stad, oppmodar tidlegare fiskebåtskipper Sigmund Kvalsvik som meiner 15 meter vil vere høgde nok for ei ny Nerlandsøy bru. 

Nyhende

– Det er nesten slik at ein kan begynne å tvile på om brua nokon gong kjem, seier den tidlegare fiskebåtskipperen frå Kvalsvika.

Altfor komplisert

Han meiner bruprosjektet er gjort langt meir komplisert enn kva som hadde vore nødvendig med alle planane som har versert om høgde på brua, lengde på brua, plassering av brua og trase for tilkomstvegar.

Sjølv har Kvalsvik ei klar formeining om korleis det kunne ha vore gjort enklare, og har eit forslag å kome med sjølv om det sikkert er for seint:

– Riv brua som er, og bygg ei ny bru på same plassen, oppmodar Kvalsvik som også har ei klar meining om høgde på den nye brua.

Meiner femten meter må halde

Som fiskar, og dermed brukar av Vaulen, meiner Kvalsvik å ha god greie på kva som trengst av høgde med tanke på at siglingsløpet skal vere tenleg for dei aktuelle brukarane. Det har vore framsett krav om heile tretti meters høgde, men til slutt enda det med tjue meter. Sjølv det meiner Kvalsvik er meir enn kva som trengst.

– Eg vil tru at femten meter må vere høgde nok for båtar som går Vaulen i dag. Dei som er større kan gå Breisundet, noko dei gjer også i dag om dei skal inn på Fosnavåg hamn. Båtar som berre skal forbi kan gå Røyrasundet, eller utom land, seier han.

Han viser til at fem meter ned på høgda ville ha gjort mykje både med fyllingar og ikkje minst på kostnadssida.

kort over: - Her over til Igesund er ikkje så veldig mykje lenger enn inne på Jensholmen, seier Sigmund Kvalsvik. 

Ikkje noko problem

Kvalsvik kan ikkje sjå noko problem med å gjere det same her som på Jensholmen, med bygging av ei provisorisk og mellombels bru medan den nye brua er under bygging. Der er ikkje veldig mykje lenger over Vaulen, og seglingsløpet meiner han må stengast i byggeperioden same kva slags type bru som skal byggast.

– Dessutan ligg tilkomstvegane så og seie klare på begge sider både for ei ny bru og til ei slik provisorisk løysing, understrekar han.

Kvalsvik skjønar ikkje kvifor ingen har tenkt slike tankar om Nerlandsøybrua.

– Kanskje fordi det blir for billeg, men det er ikkje alltid det dyraste er det beste, seier han.