Hilde Gråberg Bakke frå Åndalsnes tilsett som reiselivsutviklar i Herøy

To kvinner skal stå i spissen for Herøy si nysatsing på næring og reiseliv gjennom selskapet Havlandet.

på kartet: Hilde Gråberg Bakke ser fram til å kome i gang med arbeidet og sette Herøy og Havlandet på kartet. Ho ser store mulegheiter når det gjeld reiselivsaktivitetar både i Herøy og området rundt. 

Vi gler oss over å ha fått ein slik reiselivskapasitet på laget

Merethe Hjertø Flusund
Nyhende

Hilde Gråberg Bakke (55) er tilsett som reiselivsutviklar i det nyleg etablerte selskapet Havlandet AS som skal styrke bedriftene i Herøy kommune og påverke til vidare vekst og utvikling.

Store mulegheiter

Gråberg Bakke vil få ansvaret for reiselivssatsinga til selskapet og seier ho ser verkeleg fram til å få vere ein del av Havlandet.

– Eg ser store mulegheiter for auka besøk til dette fantastisk flotte området med så mykje unik historie å by på, seier Gråberg Bakke i ein kommentar.

Hilde Gråberg Bakke (55) er busett på Åndalsnes og har jobba med reiselivsutvikling dei siste 11 åra i stillinga som reiselivssjef i Romsdal Reiseliv og Handel SA.

I si noverande stilling har Gråberg Bakke jobba med prosjektleiing, marknadsføring og produktutvikling, samt sal og distribusjon av opplevingspakkar, mellom anna for cruise- og togturistar. Ho er ein engasjert foredragshaldar, medievan og språkkyndig. I tillegg til norsk og engelsk, meistrar ho også tysk og noko fransk.

Ho kan og vise til gode resultat når det gjeld auke av talet på organisasjonsmedlemer, auke i besøkstal til Romsdalen og sesongforlenging både sommar og vinter. Ho har i tillegg hatt fleire relevante styreverv. Frå tidlegare har ho fleire års erfaring frå undervisning og 15 år med dagleg leiing og drift frå sal- og servicebransjen.

Kjent namn

Nytilsett næringslivssjef i Havlandet, Merethe Hjertø Flusund, seier Hilde Gråberg Bakke er eit kjent namn i reiselivssamanheng og at Havlandet vil ha stor nytte av hennar vide nettverk, lokalt og internasjonalt.

– Vi gler oss over å ha fått ein slik reiselivskapasitet på laget. Hilde har dei eigenskapane vi treng for å skape ny aktivitet og vekst. Ho ser oss utanfrå, ho kan sal og produktutvikling og ikkje minst, ho kan å skape samarbeid og engasjement, seier Hjertø Flusund i ei pressemelding.

kapasitet: –Næringslivssjef Merethe Hjertø Flusund i Havlandet er glad for å ha fått ein slik kapasitet som Hilde Gråberg Bakke på laget.  Foto: Havlandet AS

Saman er vi større og sterkare

Føremålet med stillinga som reiselivsutviklar er å skape samarbeid og synergiar som vil føre til meir aktivitet, auka besøk, fleire arbeidsplassar og ei profesjonalisering i arbeidet med marknadsføring, vekst og utvikling.

– Og kven veit, kanskje kan personar som har ein draum om å leve av ein hobby skape sin eigen arbeidsplass, vekse og gi grobotn for fleire? Det er langt enklare å gjere dette på lag og i samspel med andre, enn som små enkeltverksemder. Saman er vi større og sterkare.

Vi ser ingen grenser

Hilde Gråberg Bakke seier dei besøkande er ikkje opptatt av grenser.

– Det skal heller ikkje vi vere. Vi ynskjer å skape noko som er autentisk og unikt. Vil de vere med så er det berre å henge seg på. Dette skal vi få til i lag, er den entusiastiske bodskapen frå Hilde Gråberg Bakke

Ope møte

Næringslivssjef Merethe Hjertø Flusund fortel at eit ope møte for alle som er interesserte i Havlandet og deira satsing, vil verte arrangert rett over nyttår. Dato vert kunngjort så snart alle detaljar er klare.