Frårår fritidsbustader i Tjørvåg

Tjørvåg 

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommunen frårår fritidsbustader i strandsona i Tjørvåg slik B. Tarberg har planar om. Fylkeskommunen meiner ei slik privatisering av strandsona vil vere uheldig for det komande bumiljøet i bygda. Om vidare planlegging blir aktuelt, meiner fylkeskommunen at fritidsbustaene må plasserast lengst muleg inne på land slik at strandsona blir open får ålmenta.