Formannskapet vil gå vidare med planane:

Ber om finansieringshjelp for å bygge Instagram-toalett

Formannskapet vil jobbe vidare med det Instagram-venlege toalettet i Goksøyra, men berre om kommunen slepp å ta heile kostnaden sjølve. Plasseringa kan også bli endra.

FAN­GA MERK­SEM­DA: Pro­sjekt­lei­ar Roy Old­ei­de pre­sen­ter­te skis­se­for­sla­get for for­mann­ska­pet gjen­nom ein vi­deo. Det fan­ga ty­de­leg merk­sem­da til po­li­ti­ka­ra­ne, og i alle fall no­kre av dei ver­ka be­geist­ra for det dei såg. Her ser vi Linn The­re­se Sævik (KrF), Kjell Runde (Folkelista, vara for Ca­mil­la Stor­øy, KrF) og va­ra­ord­fø­rar Bjar­ne Kvals­vik (Folkelista).  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Det vart ein livleg, men like fullt konstruktiv, debatt, då formannskapet måtte ta stilling til skisseforslaget for det nye toalettet i Goksøyra. Fleire av dei folkevalde måtte innrømme at dei fekk litt sjokk første gangen dei såg forslaget, men dei fleste var likevel positive til prosjektet. Prisen på tre millionar kroner vart derimot fort identifisert som uakseptabel.