Kritikk mot saksbehandling, dispensasjonsvedtak oppheva

Fylkesmannen rettar kritikk mot Sande kommune si saksbehandling. Eit dispensasjonsvedtak som knyter seg till feriesenteret på Skare blir underkjent.

Skare mot aust: Sande kommune er felt på fleire punkt i ei klagesak som har vore til vurdering av Fylkesmannen. Eit dispensasjonsvedtak om bustad i naustet til venstre, er oppheva. Foto: Endre Vorren 

Nyhende

Saka gjeld opphavleg eit vedtak frå 17. januar 2017. Der gav kommunen mellombels dispensasjon frå reguleringsplanen for Skare. Det vart frå kommunen si side gitt grønt lys for etablering av ein bustad i loftsetasjen på eit naust ved småbåthamna, på gnr. 64 bnr. 3.