Fosnavåg hamn: – Det er mange usikre faktorar

Det melder seg stadig fleire utfordringar knytt til hamneutdjupinga på Fosnavåg hamn.
Nyhende

Kommunestyret gjekk til slutt samrøystes inn for formannskapets tilråding om å gå vidare med avtalen for Fosnavåg hamn. Som vi omtala fredag stod Herøy kommune i fare for å tape 50 millionar kroner på prosjektet, fordi det er fleire usikre økonomiske faktorar ved ei slik forskottering. Formannskapet gjorde derfor vedtak om at eit atterhald om momskompensasjon og nødvendige grunneigaravklaringar er ein føresetnad for at kommunen skal gå vidare med prosjektet.