Applaus og støtte til nysatsingar i Gjerdsvika

Rådmannen i Sande uttrykkjer glede over nysatsinga ved Maritim Food i Gjerdsvika.

Maritim Food: Den tradisjonsrike bedrifta i Gjerdsvika måtte slutte med det meste av produksjonen med fiskemat, og sat i haust igjen nesten utelukkande med hermetikk. No blir det fleire produkt i sortimentet. Arkivfoto: Bjørnar T. Sævik 

Nyhende

Det kjem fram i ei sak som nyleg var oppe i NTM-utvalet i Sande, der kommunen gir 100.000 kroner frå næringsfondet til nysatsinga. Som før meldt i Vestlandsnytt skal fabrikken, som tidlegare i år stod i fare for å bli nedlagt, no i sving med produksjon av majones og dressing.