Skulekutt-utval under etablering

Utvalet som skal vurdere skulestrukturen i Sande på nytt, er i ferd med å bli etablert.

Medlem: Liv Sæther Myskja (Sp) er peika ut til å vere med i evalueringsgruppa om skule. 

Nyhende

I utgangspunktet tilrådde rådmannen at dei tre medlemene frå administrasjonen som skal sitje i utvalet, blir Øystein Johansen (OPK-sjef), Ranghild Våge Støyle (Sandsøy oppvekstsenter) og Anne Margrethe Dybvik-Hide (Gjerdsvika oppvekstsenter). Støyle har varsla at ho ikkje blir med i dette utvalet, og dermed manglar det ein person frå administrasjonen.