Skrivekonkurranse – vinn 2000 kroner og få bidraget ditt på trykk!

Nyhende

Likar du å skrive? Er du mellom 11 og 18 år, kan du delta i vår skrivekonkurranse. Du kan velje mellom følgjande sjangrar og tema:

1. Novelle (valfritt tema, men gjerne noko julerelatert)

2. Dikt (valfritt tema)

3. Brev til fortida: Skriv eit brev til ein «ung slektning» i fortida, f.eks. ein tippoldemor eller tippoldefar og fortel om notida. Korleis er det å vere ung i 2019? Kva er bra/dårleg med tida vi lever i?

• Frist for innsending er søndag 15. desember.

• Alle bidrag sendast til ung@vestlandsnytt.no.

• Det beste bidraget gir premie på 2000 kroner og kjem på trykk i Vestlandsnytt på nyårsaftan.

• Dei beste bidraga kjem på trykk i avisa.