Klagar på tilskot til Herøy-barnehagar

Nyhende

Dei private barnehagane i Herøy klagar på grunnlaget som er nytta for utrekning av tilskot i 2020. I klagen hevdar Private barnehagers landsforbund at kommunen har lagt inn for låg foreldrebetaling gjennom ikkje å nytte dei nye maksimalprisane i utrekninga. Vidare blir det peika på at gåver og bruk av fond ikkje skal redusere beregningsgrunnlaget, slik kommunen har gjort.