Ikkje kaotiske tilstandar på Mjølstaneset

Egersund Herøy 

Nyhende

Dagleg leiar Vidar Knotten i Egersund Herøy kjenner seg ikkje igjen i karakteristikken av kaiforholda på Mjølstaneset, slik dei blir framstilt i samband med Ervik & Sævik sin søknad om ny kai på området. – Her har aldri vore kaotiske tilstandar dei tjue åra vi har halde til her nede, seier Knotten, og meiner dette er ei oppleving som også kundane deira kan skrive under på.