Fleirtalet i Herøy treng meir tid på budsjettet:

Endeleg herøybudsjett ikkje klart før i mars

Tre ulike budsjettforslag skal leggast ut på høyring, men ingen av dei kjem til å bli Herøy kommune sitt endelege budsjett.

IKKJE KLARE: Fleirtalskonstellasjonen i formannskapet, med ordførar Bjørn Prytz i spissen, var ikkje klare med noko eige forslag på siste budsjettmøtet og vedtok å legge fram ein blåkopi av budsjettforslaget frå rådmannen.. 

Nyhende

– Av ulike grunnar meiner eg vi ikkje er klare til å vedta noko budsjett i detaljar i dag. Her ligg det for mykje vi ikkje kjenner konsekvensane av, og difor må vi gi oss tid til å lage eit skikkeleg budsjett på nyåret.